Viser innlegg med etiketten Trykkpressa. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trykkpressa. Vis alle innlegg

søndag 7. juni 2009

Trykkpressa Juni

Kort laga til skissa hos Trykkpressa Juni.
Eg har brukt brun og orange Bazill, akvarellpapir som eg har krakelert med Distress tattered rose og så stempla det med eit tekstempel.
Jenta frå Gorjuss er fargelagt med promarkers og copic i fargane blush, pastel pink, E00, E51, E11, sandstone, cinnamon, henna, pumpkin, cocoa, burnt sienna, R22, R27 og R29.
Dei nydelige rosene er laga etter ein tutorial hos Anna (Annas Pyssel) , DT medlem hos Hanglar og Stanglar. Den finne du her .

søndag 17. mai 2009

Trykkpressa Mai & Stampavie #43

Jaggu meg travel å begynne på jobb igjen når du har gått heime så lenge:-)
Men endelig klarte eg å få tid til å snekre samen eit kort.
Har slått i samen Trykkpressa for Mai, der vi skulle bruke fargane blå og lilla. Og eg har brukt skissa til Stampavie sin utfordring nr.43.
Innsida, her er det laga ei pengelomme på venstre side, og på høgre side er det laga plass for nokon personlege ord til konfirmanten.
Eit nærbilde av pynten på framsida, her har eg heilt overgått meg sjøl, og pynta lag på lag. Veit ikkje heilt kva eg syns, men alt må jo prøvast, og øvelse gjer mester blir det sagt:-)))

fredag 3. april 2009

Trykkpressa April

Då var eg klar med kortet for Trykkpressa April, alltid like kjekke oppgåver:-)

fredag 13. mars 2009

Trykkpressa Mars - Ett Trykk

Denne månaden var oppgåva; lag eit kort med sommarfugla.

lørdag 7. februar 2009

Trykkpressa Februar - Ett Trykk

Eit kort laga til Ett Trykk's utfordring; Trykkpressa.
Skissa er laga av Anne Bodil Gursli.
Og her er mi løysning på skissa:-)